page view image

GANDR Borrehaugene i Horten 3. sept

Aktiv vandrevisning med FRIKAR og DNT med dans inspirert av helleristningar. Opplev dans til lands, til vanns og i lufta med i Borreparken og avslutningsframsyning på ein av gravhaugane! Me ynskjer å skapa leikne opplevingar med urgammal kunnskap som gjev kroppsleg klang.

Information
event image

Aktiv vandrevisning med FRIKAR

Med rytmer, akrobatikk og hamskiftande dans ynskjer FRIKAR å blåse nytt liv i vår eldgamle kulturarv. Spelinga er del av turné med DNT og her stiller DNT Horten med turleiarar. 

VIDEO

I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn aldri før å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. SJÅ VIDEO FRÅ RESEARCHEN HER. Det har inspirert oss til å laga GANDR. 

GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen. 

Etter eit lite rytmisk, grupperituale med staven går me opp til Ravneberget med innlagte danseinnslag før alle publikumarar og kunstnarar møter kvarandre i steinringane for ei 45 min framsyning. 

Billettregistrering ved Midgard vikingsenter frå kl 16.30. Kl 17.00 vandrar me langs gode stigar i skogane rundt gravhaugane. Ca kl 1820 startar framsyninga ved eine gravhaugen som er ferdig rundt kl 19. Retur til parkering ved vikingsenteret tek ca 10 min. Solnedgang kl 20.10.

TA MED: Varme klede for å sitja stille ute. Gode sko. Ok med medbrakt mat og drikke. Sitjeunderlag. Plaster og evnt nødvendige medisinar. 

NIVÅ: Flatt og gode stigar. Kan vera smalt for barnevogn og rullestol, men framkomeleg til avslutningsframsyninga. Denne er oppå ein gravhaug. Barn under 16 i fylgje med vaksen. Ikkje ta med dyr, heller ikkje til parkering. 

DANSARAR: Julianne Solli, Jon Filip Fahlstrøm, Anna Benedicte Andresen og Marnie Josefine Fiebig. 

Musikken er innspelt. 

Endring av billettar: Me gjer merksame på at me ikkje har administrative krefter til å endre tinga billettar. Billettar blir ikkje refundert. 

Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt. 

Konsept og koreografi: Hallgrim Hansegård. Koreografien utvikla i lag med medskapande dansarar. 

Musikk av Terje Isungset. Joik av Torgeir Vassvik

Kostymedesign: Line Maher.

Produsent FRIKAR: Kirsti Buchanan Ulvestad

GANDR og turneen er utvikla i samarbeid med talentutviklingsprogrammet FRIKAR X som er støtta av Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB. GANDR er også støtta av Kulturrådet, Innovasjon Norge, Fritt Ord, Innlandet fylke, Valdres Natur- og Kulturpark m.f. 

Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtte som gjer turneen mogleg! Og tusen takk til fylkeskonservator og Vestfold fylkeskommune for løyve.

Produsent GANDR: Ingvild Kristin Kirkvik

dans musikk teater friluftsliv historie dnt frikar

Einschränkungen

Borreparken har unike arkeologiske funn og er strengt regulert. Det er ikkje lov å stikke ting ned i jorda. Unngå eld og røyk.
Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt koma i følgje med vaksen. Fordel med sko og klede til blaute forhald. La hundar vere att heime.

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Hugs å ta med søppel heim. Me tilrår å kle deg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke.
Sjå info over ang vogn og rullestol.

Verzichtserklärung

Arrangør stiller ikkje med parkering og parkeringsvakter. WC er 200 m frå innslepp. Ta med eige søppel sjølv.
Området er ikkje avgrensa og publikum ferdast på eige ansvar under heile framsyninga, samt i forkant og etterkant. Hugs at du har ansvar for dei mindreårige du har med deg.

Som kjøpar og/eller mottakar av billettar tek du automatisk på deg ansvar for eigen helse under heile arrangementet. Artistar og arrangør har ingen ansvar for deg som publikumar.
Du må fylgje instruksar frå turleiar og skilting og er sjølv ansvarleg for å finne tilbake.