FRIKAR I FOSSEN 01.08.2024

FRIKAR's flaggskip i Åbjørajuvet. For fyrste sumar sidan 1951 renn elva fritt! Med fortryllende naturkrefter og suggererende dansekunst inviterer FRIKAR deg til ei oppleving for livet. Her blir det dans, sirkus, rytmer og trolldom i ei deltakande, storslått vandrevisning. Velkomne til Valdres!

page view image
event date

Donnerstag 1 Aug 2024 16:30

Endet Donnerstag 1 Aug 2024 21:00
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Wenn Sie einen Promocode haben, hier eingeben

Available items

ticket item
01.08.2024 ordinær, FRIKAR I FOSSEN
Billett for FRIKAR I FOSSEN 2024. Ha billetten klar for visning under registrering. Billetten kan ikkje bli refundert.
ticket item
01.08.2024 DNT-avslag, FRIKAR I FOSSEN
DNT-bevis skal visast ved billettregistrering. Det er ikkje tillatt å kjøpe denne billettypen til ikkje-medlemmar.
ticket item
Barn 2-15 år 01.08.2024, FRIKAR I FOSSEN
ticket item
01.08.2024 2-15 år DNT-rabatt, FRIKAR I FOSSEN
ticket item
01.08.2024 ledsager, FRIKAR I FOSSEN
event image

Event-Informationen

Fantasi og rørsle i til vanns, til lands og i lufta med! 

Aktiv vandrevisning i Valdres 1.-3. og 8.-10. august 2024

VIDEO HER! 

NB! For fyrste sumar i ei mannstid renn Åbjøra fritt med imponerande krefter. Det er umogleg å vandre i sjølve elva, så me har laga ny løype som blir ei annleis og spennande oppleving. Hovudframsyninga blir post nr 3 av 12 postar. Du kan framleis oppleva dans til lands, til vanns og i lufta med oppover langs elva! SJÅ INFOFILM HER.

FRIKAR I FOSSEN 2024 er ein stor og spektakulær spesialversjon av konseptet GANDR som elles turnerer i mindre format. Opptil 7.000 år gamle helleristningar kjem til live når FRIKAR frigjer fantasien sin. Bergkunsten kan fortelja oss om rytmer, det å skifte ham til dyr og krafta av å gjera noko i lag. I GANDR får du oppleva dette på ein vakker tur i fascinerande landskap. Det mektige Åbjørajuvet utgjer scenografien under FRIKAR I FOSSEN. 

I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn nokon gong å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. SJÅ VIDEO FRÅ RESEARCHEN HER.

GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. (Vil du dykke ned i historia bak ordet, kan du lesa denne flotte doktorgradsavhandlinga av Eldar Heide.) Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen. 

Etter eit lite, rytmisk grupperituale med staven går me ein tur der du får nære møte med kunstnarane enkeltvis. Post nr 3 er ei framsyning med alle dansarane. 

I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. I år går alle fyrst 700 meter på asfalt, så 1,6 km på  god stig før det blir mogleg å velja svart løype. Samla lengd på turen er 3,9 km. 


Praktisk informasjon: 

Opplevinga startar kl. 17:30 og varer i ca. 3,5 - 4,5 timar, avhengig av individuelt tempo.

Møt opp i god tid, spesielt om du kjem med bil. Me tilrår å møte opp rundt klokka 16:30. Parkeringa stenger kl 1720.

Det er parkering (mot avgift NOK 50) og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda. 

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. 

Overnatting? Her er nokre lenker: Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.

Billettar vert ikkje refundert.

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård
Komponist: Terje Isungset.
Kostymedesign: Line Maher
Scenografi: Hallgrim Hansegård
Produsent FRIKAR I FOSSEN: Kirsti Buchanan Ulvestad

Produsent «GANDR»: Ingvild Kristin Kirkvik
Sikringssjefar: Ulvar Arnkværn

Torgeir Vassvik har bidratt med tradisjonelle og eigenkomponerte joikar.
Tekstuttdrag: Håvamål.

NB: Musikken på FRIKAR I FOSSEN 2024 er innspelt musikk.
Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall
Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar
Øyvind Skarbø: Trommer

Dansarar: Julianne Solli, Jon Filip Fahlstrøm, Marnie Fiebig, Anna Benedicte Andresen, Kamilla Moen, Sigyn Åsa Sætereng, Naomi Bratthammer, Gard Lervang, Anetta Asimova, Nikolai Arnesen samt Senna Fahlstrøm og elevar ved FRIKAR-Akademiet 

Takk til: 

Våre støttespelarar: Kulturrådet, Talent Norge, Fritt Ord, Det Norske Komponistfond, Sparebankstiftelsen DNB, Anders Jahres Humanitære Stiftelse, Gnistfonden for unge, Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark, Valdres næringshage og Skagerak Energi.

Samarbeidspartnarar: Teater Innlandet. 

Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad for godt samarbeid. 

TA MED: Varme klede for å sitja stille ute. Gode sko for terreng. Sitjeunderlag. Plaster og evnt nødvendige medisinar. Framsyninga inkluderer 30 min sitting på grasbakke. 

Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt. 


Restriktionen

Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt halde seg i følgje med vaksen. Fordel med sko og klede til blaute forhold. La hundar vere att heime.

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim.

Me tilrår å kle deg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke sjølv om me sel mat og drikke.
Sjå info over ang vogn og rullestol.

Verzichtserklärung

Ved naturkatastrofer blir billettar ikkje refundert. Ved evnt flaum vil me flytte arrangementet til egna område.
Me gjer merksame på at me ikkje har administrative krefter til å endre tinga billettar.
Området er ikkje avgrensa og publikum vandrar på eige ansvar under heile visninga, samt i forkant og etterkant. Hugs at du har ansvar for dei mindreårige du har med deg.

Som kjøpar og/eller mottakar av billettar tek du automatisk på deg ansvar for eigen helse under heile arrangementet. Artistar og arrangør har ingen ansvar for deg som publikumar.
Du må fylgje instruksar frå turleiar, stigvakter og skilting og er sjølv ansvarleg for å finne fram.

Tags

friluftsliv
dans
sirkus
frikar
Veranstalter
FRIKAR