FRIKAR: DRAUMEFANGAREN - Fredag 2. august 2019

Arrangementsinformasjon

Fantasi og bevegelse i til vanns, til lands og i lufta med! 

Kunstvandring i Valdres 26.-28. juli & 2.-4. august 2019. 

Førjulsprisar!


“Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur.  Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heitl på neglebitarstadiet.” - Leiaren i Avisa Valdres.

Opplev FRIKARs utselte publikumssuksess frå 2018, no i ny versjon! Ver smart og sikre deg billett før det blir utselt igjen. Og kanskje denne opplevinga er årets julegåve?

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd! 

Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” - Oppland Arbeiderblad.

Vatnet har i tusenvis av år slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Vi har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgja mellom.  Begge er 2,5 km lange. Du møter eit 20-tals kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein foss.

Sjå trailer: https://vimeo.com/frikar/draumefangaren


Praktisk informasjon: 

Framsyninga startar kl. 18:00 og varer i ca. 3,5 timar. 

Det er parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua retning Vestringsbygda. Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. Sjå her for vegbeskriving.

Informasjon om overnatting hjå våre samarbeidspartnarane kjem snart.

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber vi om at ikkje blir brukt røyk eller open eld. Husk å ta med søppel heim. Vi tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det blir servert kaffe og enkelt bevertning nede i juvet. 

Billettar blir ikkje refundert.

 

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård

Komponist: Bjarne Kvinnsland 

Koreografi assistent: Jon Filip Fahlstrøm 

Kostymedesign: Marita Solhjell Ølander

Installasjonskunst/skulptur: Anna Widén 

Scenografi: Hallgrim Hansegård

Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn

Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Håkon Håvelsrud Odden, Sudesh Adhana, Jon Filip Fahlstrøm, Antero Hein, Ornilia Percia, Sigyn Åsa Sætereng, Isabel Ingvoldstad,, Stian Bergdølmo, Michael Aspli, Nora Martine Svenning, Sara Enger Larsen, Toppidrett FRIKAR og elevar ved FRIKAR kulturskule

Medskapande musikarar: Rolf-Erik Nystrøm, Juliana Venter og Jonas Barsten, 

Sirkusartist: Karoline Aamås 

Diktet Draumefangare er skrive av Knut Buen. 

Videotraileren er laga av Jørn Ranum Nyseth.

 

Takk til: 

våre støttespillere: Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Kulturrådet, Oppland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Hallingdal, Fond for utøvende kunstnere, Eckbos legat og Skagerak Energi. 

våre samarbeidspartnere: Talent Norge, Valdres natur- og kulturpark, Teater innlandet, Ål kulturhus, Kraftriket, DNT Valdres og grunneigere Odd Magnar Åbjørsbråten og Ole Tor Kulterstad.


Verdspremiere: 1. august 2018

frikar
frikarx
draumefangaren
vandrevisning
natur
foss
juvvandring

Restriksjoner

Terrenget er krevande å gå i, men familievenleg. Det er diverre for vanskeleg for rullestolar. Lett løype blir merka.

Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt koma i følgje med vaksne. Fordel med sko og klede til blaute forhold. Terrenget er skral stig i skog og på berg. La hundar vera att heime.

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber vi om at ikkje blir brukt røyk eller open eld. Husk å ta med søppel heim. Vi tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det blir servert kaffe enkelt bevertning nede i juvet.

Alle lyt undertegne ansvarsfraskrivelse ved ankomst.

Ansvarsfraskrivelse

Området er ikkje avgrensa og publikum ferdast på eige ansvar under heile framsyninga, samt i forkant og etterkant. Hugs at du har ansvar for dei mindreårige som du har med deg.