page view image

FRIKAR I FOSSEN 03.08.2024

Kom tett på natur og dansarar i FRIKAR´s
koreografiske univers i Åbjørajuvet i Valdres.
Juvet der vatnet har fila seg gjennom berg i tusener av år og skapt ei scene og eit landskap som er ei unik oppleving i seg sjølv.
Her blir det dans, sirkus, rytmar og trolldom som du sjølv får væra ein del av i ein interaktiv,
storslått vandreforestilling.

Velkomne til Åbjørajuvet!

Informasjon
event image

Fantasi og rørsle i til vanns, til lands og i lufta med! 

Aktiv vandrevisning i Valdres 1.-3. og 8.-10. august 2024

VIDEO HER! 

FRIKAR I FOSSEN 2024 er ein stor og spektakulær spesialversjon av konseptet GANDR som elles turnerer i mindre skala. Opptil 7.000 år gamle helleristningar kjem til live når FRIKAR frigjer fantasien sin. Bergkunsten kan fortelja oss om rytmer, det å skifte ham til dyr og krafta av å gjera ting i lag. I GANDR får du oppleva dette på ein vakker tur i fascinerande landskap. Det vakre og ville Åbjørajuvet utgjer scenografien under FRIKAR I FOSSEN. 

I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn nokon gong å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. 

GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen. 

Etter eit lite, rytmisk grupperituale med staven går me ein tur der du får nære møte med kunstnarane. Til slutt samlar me alle for å sjå den avsluttande danseframsyninga.

I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. Begge er 2,5 km lange. Du møter 8 kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein flott foss. 

Praktisk informasjon: 

Opplevinga startar kl. 17:30 og varer i ca. 3,5 timar.

Møt opp i god tid, spesielt om du kjem med bil. Me tilrår å møte opp rundt klokka 16:00. Parkeringa stenger kl 1720. NB! Mønobrua vart tatt av flaumen i 2023. Om den ikkje er gjenopna til 2024-arrangementet er det viktig at du reknar med tid til å køyre rundt.

Det er parkering (mot avgift NOK 50) og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda. 

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. 

Overnatting? Me samarbeider med Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.

Området er rekna for å vera ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyta alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe og varm mat nede i juvet. Det er ikkje høve til å ta med hund.

Billettar vert ikkje refundert.

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård
Komponist: Terje Isungset
Kostymedesign: Line Maher
Scenografi: Hallgrim Hansegård
Produsent: Ingvild Kristin Kirkvik
Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn

Musikk:

Musikken er komponert av Terje Isungset.

Torgeir Vassvik har bidratt med tradisjonelle og eigenkomponerte joikar.
Tekstuttdrag: Håvamål.

NB: Musikken på FRIKAR I FOSSEN 2024 er innspelt musikk.
Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall
Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar
Øyvind Skarbø: Trommer

Dansarar frå FRIKAR og FRIKAR X. 

Elevar frå FRIKAR-Akademiet 

Takk til: 

Våre støttespelarar: Kulturrådet, Talent Norge, Fritt Ord, Det Norske Komponistfond, Sparebankstiftelsen DNB, Anders Jahres Humanitære Stiftelse, Gnistfonden for unge, Innlandet fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark. 

Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad for godt samarbeid. 

TA MED: Varme klede for å sitja stille ute. Gode sko for terreng. Ok med medbrakt mat og drikke. Sitjeunderlag. Plaster og evnt nødvendige medisinar. 

Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt. 


friluftsliv dans sirkus frikar

Restriksjoner

Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt koma i følgje med vaksen. Fordel med sko og klede til blaute forhald. La hundar vere att heime.

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle deg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke.
Sjå info over ang vogn og rullestol.

Ansvarsfraskrivelse

Ved naturkatastrofer blir billettar ikkje refundert. Ved evnt flaum vil me flytte arrangementet til egna område.
Me gjer merksame på at me ikkje har administrative krefter til å endre tinga billettar.
Arrangør stiller ikkje med parkering og parkeringsvakter. Me stiller heller ikkje med WC, lurt å tenke på før ankomst. Ta med eige søppel sjølv.
Området er ikkje avgrensa og publikum ferdast på eige ansvar under heile framsyninga, samt i forkant og etterkant. Huks at du har ansvar for dei mindreårige du har med deg.

Som kjøpar og/eller mottakar av billettar tek du automatisk på deg ansvar for eigen helse under heile arrangementet. Artistar og arrangør har ingen ansvar for deg som publikumar.
Du må fylgje instruksar frå turleiar og skilting og er sjølv ansvarleg for å finne tilbake.