Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Fantasi og rørsle i til vanns, til lands og i lufta med!
Aktiv vandrevisning i Valdres 1.-3. og 8.-10. august 2024
FRIKAR I FOSSEN 2024 er ein stor og spektakulær spesialversjon av konseptet GANDR som elles turnerer i mindre skala. Opptil 7.000 år gamle helleristningar kjem til live når FRIKAR frigjer fantasien sin. Bergkunsten kan fortelja oss om rytmer, det å skifte ham til dyr og krafta av å gjera ting i lag. I GANDR får du oppleva dette på ein vakker tur i fascinerande landskap. Det vakre og ville Åbjørajuvet utgjer scenografien under FRIKAR I FOSSEN.
I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn nokon gong å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord.
GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen.
Etter eit lite, rytmisk grupperituale med staven går me ein tur der du får nære møte med kunstnarane. Til slutt samlar me alle for å sjå den avsluttande danseframsyninga.
I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. Begge er 2,5 km lange. Du møter 8 kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein flott foss.
Praktisk informasjon:
Opplevinga startar kl. 17:30 og varer i ca. 3,5 timar.
Møt opp i god tid, spesielt om du kjem med bil. Me tilrår å møte opp rundt klokka 16:00. Parkeringa stenger kl 1720. NB! Mønobrua vart tatt av flaumen i 2023. Om den ikkje er gjenopna til 2024-arrangementet er det viktig at du reknar med tid til å køyre rundt.
Det er parkering (mot avgift NOK 50) og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda.
Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres.
Overnatting? Me samarbeider med Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.
Området er rekna for å vera ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyta alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe og varm mat nede i juvet. Det er ikkje høve til å ta med hund.
Billettar vert ikkje refundert.
Cast og kreditering:
Koreograf: Hallgrim Hansegård
Komponist: Terje Isungset
Kostymedesign: Line Maher
Scenografi: Hallgrim Hansegård
Produsent: Ingvild Kristin Kirkvik
Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn
Musikk:
Musikken er komponert av Terje Isungset.
Torgeir Vassvik har bidratt med tradisjonelle og eigenkomponerte joikar.
Tekstuttdrag: Håvamål.
NB: Musikken på FRIKAR I FOSSEN 2024 er innspelt musikk.
Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall
Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar
Øyvind Skarbø: Trommer
Dansarar frå FRIKAR og FRIKAR X.
Elevar frå FRIKAR-Akademiet
Takk til:
Våre støttespelarar: Kulturrådet, Talent Norge, Fritt Ord, Det Norske Komponistfond, Sparebankstiftelsen DNB, Anders Jahres Humanitære Stiftelse, Gnistfonden for unge, Innlandet fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark.
Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad for godt samarbeid.
TA MED: Varme klede for å sitja stille ute. Gode sko for terreng. Ok med medbrakt mat og drikke. Sitjeunderlag. Plaster og evnt nødvendige medisinar.
Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt.