Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Med rytmer, akrobatikk og hamskiftande dans ynskjer FRIKAR å blåse nytt liv i vår eldgamle kulturarv. Spelinga er del av turné med DNT.
I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn aldri før å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. SJÅ VIDEO FRÅ RESEARCHEN HER. Det har inspirert oss til å laga GANDR.
GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen.
Etter eit lite rytmisk, grupperituale med staven går me opp til Ravneberget med innlagte danseinnslag før alle publikumarar og kunstnarar møter kvarandre i steinringane for ei 55 min framsyning.
Billettregistrering frå kl 16.30 på parkeringa ved Hunnfeltet ved steinringane, bak Gråtass barnehage ved Haldenvegen (GPS: 59.216033, 11.075035). Kl 17:00 går me opp langs merka løype til Ravneberget der det har vore bygdeborg og returnerer til steinringane der avslutningsframsyninga skjer ca kl 18.00. Me er ferdig ca 18.55.
TA MED: Varme klede for å sitja stille ute. Gode sko for terreng. Ok med medbrakt mat og drikke. Sitjeunderlag. Plaster og evnt nødvendige medisinar.
NIVÅ: Turen til Ravneberget og retur tek til saman om lag 1,5 t på stigar av ulike kvalitet. Eit par bratte kneiker der folk som er dårlege til beins bør ha ledsager. Barn under 16 i fylgje med vaksen. Ikkje ta med dyr, heller ikkje til parkering. Stigene er ikkje framkomeleg med barnevogn og rullestol. Avslutningsframsyninga ved steinringane er tilgjengeleg.
DANSARAR: Julianne Solli, Marnie Josefine Fiebig, Anetta Oleksander, Ole Marius Støle og Mathias Engelstad.
Musikken er innspelt.
Endring av billettar: Me gjer merksame på at me ikkje har administrative krefter til å endre tinga billettar. Billettar blir ikkje refundert.
Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt.
Konsept og koreografi: Hallgrim Hansegård. Koreografien utvikla i lag med medskapande dansarar.
Musikk av Terje Isungset. Joik av Torgeir Vassvik.
Kostymedesign: Line Maher.
Produsent FRIKAR: Kirsti Buchanan Ulvestad
GANDR og turneen er utvikla i samarbeid med talentutviklingsprogrammet FRIKAR X som er støtta av Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB. GANDR er også støtta av Kulturrådet, Innovasjon Norge, Fritt Ord, Innlandet fylke, Valdres Natur- og Kulturpark m.f.
Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtte som gjer turneen mogleg! Og tusen takk til grunneigarane Kulturhistorisk museum og Martin Hunn for løyve.
Produsent GANDR: Ingvild Kristin Kirkvik