FRIKAR: DRAUMEFANGAREN - Laurdag 1.august 2020

INFORMACJE O IMPREZIE

Fantasi og bevegelse i til vanns, til lands og i lufta med! 

Kunstvandring i Valdres 23.-25. juli & 29.-1. august 2020. 

Etter å ha seld ut to år på rad, kjem no FRIKAR's storsatsning Draumefangaren i ein ny og ennå meir imponerande versjon! Sikre deg billett før det vert utseld att! 

Draumefangaren er ei vandrevisning i Åbjøra, Valdres. I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. Begge er 2,5 km lange. Du møter 12 kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein flott foss. 

Sjå trailer: https://vimeo.com/frikar/draumefangaren

“Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur. Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heilt på neglebitarstadiet.” 

- Leiaren i Avisa Valdres.

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd! Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” 

- Oppland Arbeiderblad.


Praktisk informasjon: 

Framsyninga startar kl. 18:00 og varer i ca. 4 timar. 

Det er parkering og registrering ved sandtaket 200m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda. 

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. Sjå her for vegskildring.

Overnatting? Me samarbeider med Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.

Området er rekna for å ver ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyta alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe og varm mat nede i juvet. Det er ikkje høve til å ta med hund. 

Billettar vert ikkje refundert.

 

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård

Komponist: Bjarne Kvinnsland

Koreografi assistent: Jon Filip Fahlstrøm 

Kostymedesign: Marita Solhjell Ølander

Scenografi: Hallgrim Hansegård/Marita Solhjell Ølander

Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn

Medskapande dansarar frå FRIKAR, FRIKAR X, Toppidrett FRIKAR og elevar ved FRIKAR kulturskule

Sirkusartist: Karoline Aamås 

Diktet Draumefangare er skrive av Knut Buen. 

Videotraileren er laga av Jørn Ranum Nyseth og Hallgrim Hansegård 

 

Takk til: 

Våre støttespelarar: Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Kulturrådet, Innlandet fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Hallingdal, Fond for utøvende kunstnere, Eckbos legat og Kraftriket. 

Våre samarbeidspartnarar: Talent Norge, Valdres natur- og kulturpark, Teater innlandet, Ål kulturhus, Kraftriket, DNT Valdres og grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Ole Tor Kulterstad.


Verdspremiere: 1. august 2018

frikar
frikarx
vandrevisning
draumefangaren
dans
performance
nysirkus
musikk
skulpturar
installasjonskunst
foss
juvvandring
natur

Restrykcje

Terrenget er krevande å gå i, men familievennleg. Det er dessverre for vanskeleg for rullestolar og barnevogn. Lett løype vert merka.

Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt koma i følgje med vaksen. Fordel med sko og klede til blaute forhald. Terrenget er skral stig i skog og på berg. La hundar vere att heime.

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe varm mat nede i juvet.

Alle lyt undertegne ansvarserklæring ved ankomst.

Ograniczenia

Området er ikkje avgrensa og publikum ferdast på eige ansvar under heile framsyninga, samt i forkant og etterkant. Huks at du har ansvar for dei mindreårige du har med deg.