Hjälp
© TicketCo AS 2024.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Aktiv vandrevisning med FRIKAR
Med rytmer, akrobatikk og hamskiftande dans ynskjer FRIKAR å blåse nytt liv i vår eldgamle kulturarv. Spelinga på Mørkgonga er del av turné med DNT og her stiller DNT Ringerike med turleiarar.
I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn aldri før å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. SJÅ VIDEO FRÅ RESEARCHEN HER. Det har inspirert oss til å laga GANDR.
GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen.
Etter eit lite rytmisk, grupperituale med staven går me opp til Ravneberget med innlagte danseinnslag før alle publikumarar og kunstnarar møter kvarandre i steinringane for ei 45 min framsyning.
MØRKGONGA 25. august kl 1630, versjon med innspelt musikk:
Billettregistrering frå kl 1600 ved parkeringa ved Åsaveien 500, 60.10168630006539, 10.35361086211935. Kl 17.00 går me langs merka løype til utsikten på Mørkonga via Migardtjern. Ca kl 1815 ser me ei halvtimes framsyning ved utsikten. Løypa har mykje stigning og er fysisk krevande. NB: Det er god parkeringskapasitet, privat parkering for 80 kr til grunneigar. Automat. Solnedgang er 20.42.
TA MED: Lommelykt for trygg retur. Egna sko for terreng. Varme klede for å sitja stille. Sitjeunderlag. Matpakke. Plaster og evnt nødvendige medisinar.
NIVÅ: Turen tek ca 1,5 time kvar veg på stigar. Mykje stigning. Bratt stup der framsyninga er, publikum får i dette arrangementet ikkje gå ut til kanten. Barn under 16 i fylgje med vaksen. Ikkje ta med dyr, heller ikkje til parkering.
DANSARAR: Anna Benedicte Andresen, Julianne Solli, Marnie Fiebig og Jon Filip Fahlstrøm.
Musikken er innspelt.
Endring av billettar: Me gjer merksame på at me ikkje har administrative krefter til å endre tinga billettar. Billettar blir ikkje refundert.
Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt.
Konsept og koreografi: Hallgrim Hansegård. Koreografien utvikla i lag med medskapande dansarar.
Musikk av Terje Isungset. Joik av Torgeir Vassvik
Kostymedesign: Line Maher.
Produsent FRIKAR: Kirsti Buchanan Ulvestad
GANDR og turneen er utvikla i samarbeid med talentutviklingsprogrammet FRIKAR X som er støtta av Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB. GANDR er også støtta av Kulturrådet, Innovasjon Norge, Fritt Ord, Innlandet fylke, Valdres Natur- og Kulturpark m.f.
Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtte som gjer turneen mogleg! Og tusen takk til fylkeskonservator og Vestfold fylkeskommune for løyve.
Produsent GANDR: Ingvild Kristin Kirkvik