Språk
Hjälp
© TicketCo AS 2024.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Fantasi og rørsle i til vanns, til lands og i lufta med!
Aktiv vandrevisning i Valdres 1.-3. og 8.-10. august 2024
NB! For fyrste sumar i ei mannstid renn Åbjøra fritt med imponerande krefter. Det er umogleg å vandre i sjølve elva, så me har laga ny løype som blir ei annleis og spennande oppleving. Hovudframsyninga blir post nr 3 av 12 postar. Du kan framleis oppleva dans til lands, til vanns og i lufta med oppover langs elva! SJÅ INFOFILM HER..
FRIKAR I FOSSEN 2024 er ein stor og spektakulær spesialversjon av konseptet GANDR som elles turnerer i mindre format. Opptil 7.000 år gamle helleristningar kjem til live når FRIKAR frigjer fantasien sin. Bergkunsten kan fortelja oss om rytmer, det å skifte ham til dyr og krafta av å gjera noko i lag. I GANDR får du oppleva dette på ein vakker tur i fascinerande landskap. Det mektige Åbjørajuvet utgjer scenografien under FRIKAR I FOSSEN.
I takt med at verdsveven strammar grepet om liva våre føler me det er viktigare enn nokon gong å samlast ute i naturen og dele kroppslege historier og erfaringar. Me har reist med arkeologar for å forstå meir av kvifor dans har vore så viktig i 7000 år her i det kalde nord. SJÅ VIDEO FRÅ RESEARCHEN HER.
GANDR er norrønt for både “sjel” og “stav”. (Vil du dykke ned i historia bak ordet, kan du lesa denne flotte doktorgradsavhandlinga av Eldar Heide.) Som publikumar låner me deg ein vandrestav på turen som du kan bruke til støtte, til avstand eller til å interagere med. For mange blir det ein god ven på turen.
Etter eit lite, rytmisk grupperituale med staven går me ein tur der du får nære møte med kunstnarane enkeltvis. Post nr 3 er ei framsyning med alle dansarane.
I tusenvis av år har vatnet slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Me har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgje mellom. I år går alle fyrst 700 meter på asfalt, så 1,6 km på god stig før det blir mogleg å velja svart løype. Samla lengd på turen er 3,9 km.
Praktisk informasjon:
Opplevinga startar kl. 17:30 og varer i ca. 3,5 - 4,5 timar, avhengig av individuelt tempo.
Møt opp i god tid, spesielt om du kjem med bil. Me tilrår å møte opp rundt klokka 16:30. Parkeringa stenger kl 1720.
Det er parkering (mot avgift NOK 60) og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda.
Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres.
Overnatting? Her er nokre lenker: Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.
Billettar vert ikkje refundert.
Cast og kreditering:
Koreograf: Hallgrim Hansegård
Komponist: Terje Isungset.
Kostymedesign: Line Maher
Scenografi: Hallgrim Hansegård
Produsent FRIKAR I FOSSEN: Kirsti Buchanan Ulvestad
Produsent «GANDR»: Ingvild Kristin Kirkvik
Sikringssjefar: Ulvar Arnkværn
Torgeir Vassvik har bidratt med tradisjonelle og eigenkomponerte joikar.
Tekstuttdrag: Håvamål.
NB: Musikken på FRIKAR I FOSSEN 2024 er innspelt musikk.
Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall
Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar
Øyvind Skarbø: Trommer
Dansarar: Julianne Solli, Jon Filip Fahlstrøm, Marnie Fiebig, Anna Benedicte Andresen, Kamilla Moen, Sigyn Åsa Sætereng, Naomi Bratthammer, Gard Lervang, Anetta Asimova, Nikolai Arnesen samt Senna Fahlstrøm og elevar ved FRIKAR-Akademiet
Takk til:
Våre støttespelarar: Kulturrådet, Talent Norge, Fritt Ord, Det Norske Komponistfond, Sparebankstiftelsen DNB, Anders Jahres Humanitære Stiftelse, Gnistfonden for unge, Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark, Valdres næringshage og Skagerak Energi.
Samarbeidspartnarar: Teater Innlandet.
Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad for godt samarbeid.
TA MED: Varme klede for å sitja stille ute. Gode sko for terreng. Sitjeunderlag. Plaster og evnt nødvendige medisinar. Framsyninga inkluderer 30 min sitting på grasbakke.
Avslag: DNT-medlemmar får 25% rabatt.